Vidar på sin livs reise

Vidar på sin livs reise

Om

Ein blogg om kva som skjer i livet mitt ispedd friske meiningar.

Snusfornuft

DiversePosted by Vidar Fjøsne Sat, October 15, 2016 19:10:45
Etter 15 år i meir eller mindre konstant nikotinrus har eg for første gang tatt grep for å komma ut av dette grepet. Løysninga, som so langt har fungert i 2 døgn, er "Energiputer" kjøpt på Proteinfabrikken. Dette er nikontinfritt og inneheld ingen skadelige stoffer, men tvert imot vitaminer og mineraler. Tanken er å ta opp dette i blodet i staden for kapslar/tablettar. For ein snusar er det mykje mentalt og dette ser ut til å vere nok for meg so langt.

Eg har ingen økonomisk interesse av å anbefala dette, men for min eigen del og mine venners del anbefalar eg å prøva dette. Takk til Kenneth Loven som satte meg på spor av dette.
Det er ca 50% billigare, gjev helsegevinst og gjer at ein slepp å gå so ofte på butikken. Eg bestilte 13 boksar og fekk sendinga på døra. So langt strålande fornøgd. Valgte å prøva alle variantane inkl då 10-pakning av Originalen.
https://www.proteinfabrikken.no/search?q=energiputer


Kom gjerne med synspunkt og tilbakemeldingar om du velg å prøve. Lykke te :)



  • Comments(0)//vidar.fjosne.com/#post2

Sogndal Fotball - ambisjonar og konsekvensar av (dårlig) vennskap

FotballPosted by Vidar Fjøsne Mon, August 01, 2016 21:39:06

Veit ikkje om eg skal le eller grina av Solskjær og Molde. Trist for våre beste, også som supportar, at dei gang på gang blir øydelagt dar borte når ein samtidig veit kva dei betydde for oss og kor dei kunne ført oss. Kortsiktige pengar er viktigare enn utvikling, her meinar eg Sogndal Fotball har eit ansvar og.

Eg blei kontakta av Sogndal Fotball då eg var kritisk før sesongen, da kokte vel over og eg var ufin, men eg har sett dette altfor lenge. Skjønnar at dette er ein lønnsom sirkel for Sogndal og at dei ynskjer da dyssa ned, men da er på tide å snakka om elefanten i rommet. Eg blir forbanna når me bygger opp flotte friske avlingar klar til innhausting og Molde spreiar møk på da! Da er umoralsk at Molde sin tilsynelatande utømmelige pengebinge skal styra denne onde sirkelen og øydelegga spennande talent i altfor ung alder.

Ser oppegåande spelarar da etterkvart også og tenker langsiktig? Dei kunne heller vore med på medalje i Sogndal. Da ville me klart ved å beholda dei beste 2-3 sesongar og utvikla dei ytterligare som Sogndal er verdensmestar i. Kanskje da sogar ville vore god business for Sogndal Fotball. Kor lenge held Røkke kunstig liv i Molde og pengesekken åpen og me blir oppgradert frå Farmerlaget til Molde? Pt er dette ein tragisk sirkel Sogndal Fotball bør komma seg ut av. Denne ruta Sogndal -> Molde er viden kjent og vil på sikt trua Sogndal sin posisjon som talentenes springbrett og dermed også fundamentet og eksistensgrunnlaget til Sogndal Fotball (her spissformulerar eg meg).

Poenget mitt er at da er på tide å auka ambisjonen frå eit "topp20-lag" og tenka konsekvensar. Molde er ein direkte konkurrent og er elendig på talentutviktling. Historien deira er kort og basert på innsprøytte Olje -og Fiskekroner, vår historie er basert på hardt arbeid på og utanfor fotballbana med ein enorm lagmoral. Dette må me berre fortsetta med og tenka konsekvensar i samtlige ledd.

Alt er på plass; anlegg, posisjon i Norsk Fotball og me er ikkje minst anført av den beste trenaren me kunne hatt. Berre han ikkje går lei av dette han og. Bakke er ein mann med ambisjonar. I forbindelse med feiring av 40 år sidan Cupfinalen iår er me mange som ikkje har lyst å vente 40 år til på noko stort.



  • Comments(0)//vidar.fjosne.com/#post1

Hello World

DiversePosted by Vidar Fjøsne Mon, July 04, 2016 18:55:38
Hei.

Har hatt gleden av å ha det fantastiske domenet fjosne.com i minst 5 år. Har berre brukt e-post adressa vidar@fjosne.com og laga ei ultraenkel nettsida www.fjosne.com.

Ettersom one.com gir so mange spennande muligheitar ser eg da er på tide å bruke dette. Enkel Skreddersydde nettsider for både "Heimeside" og Blogg, Filhåndtering, ubegrensa e-post, Backup osv. Prøv gjerne sjølv, her trengs ingen ekspertise, berre å prøve og feile.. : http://one.me/noapsfqx.

Bloggen vil dreie seg om temaer eg interesserer meg for. IT, Fjellturar, Trening, Fotball, (friske) Meiningar, blikk/skråblikk på Livet og Diverse. Dette finn ein att i kategoriar på høgre sida her.


Følg med :

* Nettsida skal bli bra. Tek i mot idear til min e-post både frå familien Fjøsne, venner, kollegaer og andre; vidar@fjosne.com.
* Har også tilknytta meg bloggarar på dette nettsamfunnet.

So får me sjå kva ein har tid til og tek seg tid til.

















  • Comments(2)//vidar.fjosne.com/#post0