Vidar på sin livs reise

Vidar på sin livs reise

Om

Ein blogg om kva som skjer i livet mitt ispedd friske meiningar.

Sogndal Fotball - ambisjonar og konsekvensar av (dårlig) vennskap

FotballPosted by Vidar Fjøsne Mon, August 01, 2016 21:39:06

Veit ikkje om eg skal le eller grina av Solskjær og Molde. Trist for våre beste, også som supportar, at dei gang på gang blir øydelagt dar borte når ein samtidig veit kva dei betydde for oss og kor dei kunne ført oss. Kortsiktige pengar er viktigare enn utvikling, her meinar eg Sogndal Fotball har eit ansvar og.

Eg blei kontakta av Sogndal Fotball då eg var kritisk før sesongen, da kokte vel over og eg var ufin, men eg har sett dette altfor lenge. Skjønnar at dette er ein lønnsom sirkel for Sogndal og at dei ynskjer da dyssa ned, men da er på tide å snakka om elefanten i rommet. Eg blir forbanna når me bygger opp flotte friske avlingar klar til innhausting og Molde spreiar møk på da! Da er umoralsk at Molde sin tilsynelatande utømmelige pengebinge skal styra denne onde sirkelen og øydelegga spennande talent i altfor ung alder.

Ser oppegåande spelarar da etterkvart også og tenker langsiktig? Dei kunne heller vore med på medalje i Sogndal. Da ville me klart ved å beholda dei beste 2-3 sesongar og utvikla dei ytterligare som Sogndal er verdensmestar i. Kanskje da sogar ville vore god business for Sogndal Fotball. Kor lenge held Røkke kunstig liv i Molde og pengesekken åpen og me blir oppgradert frå Farmerlaget til Molde? Pt er dette ein tragisk sirkel Sogndal Fotball bør komma seg ut av. Denne ruta Sogndal -> Molde er viden kjent og vil på sikt trua Sogndal sin posisjon som talentenes springbrett og dermed også fundamentet og eksistensgrunnlaget til Sogndal Fotball (her spissformulerar eg meg).

Poenget mitt er at da er på tide å auka ambisjonen frå eit "topp20-lag" og tenka konsekvensar. Molde er ein direkte konkurrent og er elendig på talentutviktling. Historien deira er kort og basert på innsprøytte Olje -og Fiskekroner, vår historie er basert på hardt arbeid på og utanfor fotballbana med ein enorm lagmoral. Dette må me berre fortsetta med og tenka konsekvensar i samtlige ledd.

Alt er på plass; anlegg, posisjon i Norsk Fotball og me er ikkje minst anført av den beste trenaren me kunne hatt. Berre han ikkje går lei av dette han og. Bakke er ein mann med ambisjonar. I forbindelse med feiring av 40 år sidan Cupfinalen iår er me mange som ikkje har lyst å vente 40 år til på noko stort.



  • Comments(0)//vidar.fjosne.com/#post1